Lurte du på oppskrifta til ein god bygdefest? Her kjem litt av det som den iallfall bør inneholde:
- lokalet bør vere det samme grendahuset som vart brukt til diskotek og klassefest på ungdomsskulen
- dempa belysning, dvs halvmørkt sånn at diskolyset viser bedre
-
2009 skrive med glitterbokstavar på veggen, som glitrar når lyset frå diskolampene sveiper over det
- diskolampe, sjølvsagt. helst fleire, sånn at veggen blir dekt av firkantmønster i mange fine fargar, ofte grønn
- musikk frå tida då du gjekk på ungdomsskulen for eksempel Metallica,eller
Over the hills and far away med Nightwish
-
Overprotected med Britney Spears. Vassendgutane og Hellbillies kan vere en eventuell erstatning
- bord som er satt fint rundt i utkantane av rommet, for å lage danseplass som ikkje blir særlig brukt før klokka 12,bortsett fra litt heftig swingdansing av swingmesterar til 60-talsmusikk (
Wild Thing osv),men som når den først blir brukt blir BRUKT,jeee
- møte på folk som du ikkje har sett på ca ett år,kanskje ikkje sidan sist bygdefest
- chips og saltstenger som er satt ut på borda i tomme isboksar, som kanskje minner deg på då du var på diskotek på ungdomsskulen og alle kjøpte 1/4 Grandiosastykker for 20kr
- nokre som kjem seint fordi dei måtte i fjøsen før dei kunne starte å vorse
- folk som etterkvart ser dopa ut eller ligg på ein dump



Bygdefesten som kriz&jany var på igår, var ikkje berre så heldig å inneholde stort sett alle desse punkta, den hadde til og med
fyrverkeri (der kriz uheldigvis klarte å kaste stjerneskuddet sitt på et tilfeldig offer, då ho skulle vise den spennande effekten av stjerneskudd som blir snurra i sirklar. tilfeldigvis var offeret og den samme personen som hadde gitt kriz fyr til stjerneskuddet. unnskyld.) OG
godtnyttårklemmar frå gamle vennar. Jippi!
Alle burde oppleve en bygdefest ein vakker dag.
Kriz